|
Tittelvalget på prosjektet denne gongen utløyste ein
aldri så liten debatt i lokalpressa. Dette gjekk då spesielt på ordet
åtgaum, det vart hevda at dette var harselas med gode nynorske ord utan at
tydinga av ordet er kjent. I eit innlegg vart det sagt, sitat:
"Det går ikkje an å bruke gode norske ord i hytt og ver. Den "frie" måten
å bruke ord på, er oppfunnen av billege underhalderar som raljerer med
nynorsk og dialektord som dei tykkjer er "løgne".
Det er vidare blandt anna sagt av ein ordbokredaktør at koret sin bruk av
ordet er artig, og brukt heilt medvite i ein morosam samanheng.
Kva som ligg bak koret sitt valg av tittel på dette prosjektet skal ikkje
kommenterast, men eit er iallefall sikket koret fekk rikeleg med åtgaum.
Og takk for det.
|
 |