Riksveg 61

Plakat
Plakat Magne Bergset




Den valde kabaret-tittelen "Riksveg 61" var eit apropos til eitt av Dylan sine tidlege epos: "Highway 61 Revisited". Highway 61 i USA er vegen frå Sørstatane og nordover mot Canada. "Vår" Highway 61 er sjølvsagt Riksveg 61 frå Solevågseidet - gjennom Hareidsdalen - til Bryggja i Nordfjord.
Dylan-kabareten vart dermed den første oppgåva til koret sin nye dirigent frå hausten -08 av, Fred Ole Røyseth. Han er til dagleg rektor ved musikk- og kulturskulen i Giske.
Arbeidet med Dylan-kabareten var litt haltande i haust-semestert, bl. a. fordi det viste seg å eksistere svært få kor-arrangement over Dylan sine songar. Fart i sakene vart det først då Richard Powell, kantor i Giske, kom inn i bildet og sa ja til å arrangere for oss. Under øvingshelga på Stranda Hotell i slutten av januar måtte leiinga av koret likevel justere målsetjinga om å få Dylan sceneklar i vårsemesteret. Det vart vedteke å utsetje premieren til september-oktober.
For å få til dette vart det også vedteke å droppe songarstemnet våren 2009 - og i staden avslutte med ei øvingshelg på Sagafjord Hotell på Sæbø der berre Dylan-musikk stod på programmet. I løpet av øvingshelga fall mange brikker på plass, så med ein intens innspurt i august-september skulle dette gå bra.
Manuskriptet, som Leiv Arne Grimstad hadde utarbeidt, gjekk gjennom ei innstramming - og då Dagfinn Olav Bye vart hyra inn som regissør vart det gjort ytterlegare grep for at det skulle bli ei forestilling med god flyt.

I løpet av sommaren sa Ole Frank Bakken og Kari Riise ja til å vere dei to personane som skulle fortelje om Dylan sitt framskridande liv.
Som vanleg drog koret sin eigen Jarle Kristiansen i trådane når det galdt det instrumentale. Det vart skissert eit orkester med el-gitar, el-bass, tromme og tangentinstrument. Men brått trekte både trommisen og el-gitaristen seg - og koret måtte på leiting etter nye folk. Det enda med at Kris Panev (el-gitar) og Mika Dale (trommer) kom inn. Desse to utgjorde då orkesteret saman med våre eigen Jarle Kristiansen (el-bass) og Peter Demirov på tangent. I tillegg skulle kormedlem Håvard Myrene traktere munnspelet på fleire av songane.
Dermed kunne koret starte haustsemesteret med eit strukturert opplegg og med folk på alle stemmer og instrument. Både kor, instrumentalistar og opplesarar øvde ein del for seg sjølve før dei kopla seg saman til ein heilskap dei siste vekene.
Det låg ei stund i korta at "Riksveg 61" kunne bli eit innslag under Hareidsstemna i oktober. Men sidan mange koristar hadde andre planar dei aktuelle datoane, vart det endeleg bestemt å halde konsert i Hareidhallen søndag 19. september - og berre denne eine konserten. Vona var å kunne fylle amfiet, som har plass til godt over 300 personar.
Alt gjekk etter planane. Dei ulike arbeidsgruppene i koret gjorde sitt (sponsormidlar, scenerigging m/ Jarle Kristiansen sitt lys- og lydanlegg, programbillettar o.s.v.).
Og ikkje minst hadde den unge Ulstein-dansaren Leni Leirvik gjort ein strålande jobb med å øve inn dansesteg til tre Dylan-dikt.
PR-tilslaget før premieren var nok av det betre koret har hatt. Magne Bergseth laga ein flott plakat der Dylan kom spaserande over Eidet - og Regionavisa spanderte ei heilside. Eit interessevekkande førehandsoppslag i Sunnmørsposten bidrog nok også til å gjere mange obs på det som var i emning på Hareid. Leiv Arne Grimstad var også gjest i Bygderadio Vest like før premieren.
Godt over 300 kom på konserten. Så mange har Bigset Blandakor aldri før samla på ein enkeltkonsert.

"Riksveg 61" fekk gode meldingar i avisene - og Sunnmørsposten kasta terningen til ein femmar - noko vi må vere svært fornøgde med. Smp. konstaterte også at det hadde vore svært dristig av koret å legge i veg med Dylan-stoff, men konkluderte med at det hadde vore vellykka.
  Tilbake